"Bli med på snøholekurs!

Lei av å rydde rommet? Bygg heller di eiga snøhole, og vi viser deg korleis!

På dette kurset får du lære alt du treng for overleve, og kanskje tilogmed leve det gode liv i vinterfjellet!  

På kurset vil du lære å byggje ulike typar snøholer, og å ta vare på deg sjølv og andre i eit krevjande miljø. Men først og framst vil du ha det veldig gøy saman med andre! 

Kurset er ope for vandrarar som fyller 14 år i løpet av 2020, altså alle som går på ungdomsskulen.  Roverar, leiarar og andre er òg velkomne! Skigåinga på kurset blir ikkje særleg krevjande. 

Kurshelg: Finse, 15.-16. februar, alternativt 21.-22. mars

Kurskveldar: 3. februar og 10. februar, på Speidersenteret i Marken. 

Påmeldingsfrist: 30. januar

Pris: ca. 450 kroner, pluss togbillett


Etter påmelding får du meir informasjon. Spørsmål? Ta kontakt med kursleiar Dag Hellesund på daghellesund@hotmail.com eller 91 55 42 99.