Bli med på snøholekurs 25.-26. mars 2023! Kurset er ope for roverar og vandrarar frå 8. klasse og oppover, og blir på Finse. Leiarar som vil lære noko nytt er òg velkomne. 

Det blir kurskveld 6. og 20. mars, og alternativ kurshelg 15.-16. april, dersom veret er dårleg den første helga. 

På kurset vil du lære å byggje ein trygg overnattingsstad, om utstyr og klede, førstehjelp, snøskred, og generelt å overleve i vinterfjellet. Det blir ikkje krevande skigåing, men du må klare å bere utstyret ditt. Prisen for kurset er 700 kroner, i tillegg til mat og togbillett, som du skaffar sjølv. 

Å overnatte ute i vinterfjellet er utfordrande, men veldig artig, og ei spesiell oppleving vi anbefaler alle! 

Påmeldingsfrist 17. februar i Hypersys.

Ikke medlem, men ønsker å delta? Send en epost til bjorgvin@kmspeider.no!