Snøhulekurs 2026
- Vandrere (10-15 år),
- Rovere (16-25 år),
- Ledere
Fra 9.klasse og oppover.
Bli med på snøholekurs! Vil du lære korleis du kan byggje di eiga, koselege snøhole i vinterfjellet, og så overnatte i ho? Bli med på vårt snøholekurs på Finse! På kurset vil du lære korleis du skal ta vare på deg sjølv i høgfjellet, og korleis du kan lage ulike typar snøhole. Etter to obligatoriske kurskveldar dreg vi til Finse, der vi grev holer som vi overnattar i. Vi set av ei hovudhelg (21.-22. mars) og ei reservehelg (11.-12. april), i tilfelle det er for dårleg vêr i hovudhelga. Kurskveld 1 blir måndag 16. februar, og kurskveld 2 blir måndag 16. mars. Desse kurskveldane blir i Eidsvåg kirke. Kurset er ope for deltakarar som går i 9. klasse eller høgare.
Vi i komitéen er erfarne leiarar frå fleire tidlegare snøholekurs. Vi arrangerer dette kurset på ein måte slik at det blir ei god oppleving med mykje meistring for deltakarane, det veit vi frå tidlegare. Vi veit at det er små marginer på ein slik tur, derfor har vi mange sikkerheitsledd. Vi er til dømes ein vaksenleiar på tre speidarar.
Pris: 900kr + togreise og mat. Dette kurset kvalifiserer til støtte frå Frifond. Det betyr i praksis at ein kan via den lokale speidargruppa i ettertid få tilbakebetalt 50% av både kursavgift og reiseutgifter.
Påmeldingsfrist: 13.februar.
Reise: Vi reiser med tog lørdag morgon kl. 08.08 frå Bergen, eller kl.08.17 frå Arna.
Retur frå Finse kl. 14.36, i Bergen kl.17.25. Gi beskjed dersom du vil ta eit anna tog frå Finse.
Alle kjøper sjølv eigen billett. Kjøp fullt fleksible billettar sidan vi utset eller avlyser dersom det blir dårleg vêr.
Dersom kurset ikkje blir gjennomført på grunn av dårleg vêr, blir påmeldingspengene refundert.
Miniatyrbilde/video: Andreas S. Brattebø